Som tannpleiar har du ein variert kvardag med pasientar frå barnehageborn til eldre på sjukeheim. Tannpleiaren undersøker tenner og munnhole, reingjer, fjernar tannstein, tar røntgenbilete, diagnostiserer tannsjukdom, underviser og gir rettleiing om korleis ein best kan ta vare på tennene sine. Slik bidrar du til å førebygge sjukdommar og fremme munnhelse.
Nokre spørsmål vi diskuterer er:
- Korleis kan vi førebygge ulike sjukdommar i tenner og munn?
- Korleis verkar sjukdommar i munnen inn på sjukdommar andre stader i kroppen?
- Kan tannbleiking skade tennene?
Tannpleie er et profesjonsretta studium som består både av teori og praksis. Studiet legg vekt på sjukdomsførebyggande og helsefremmande arbeid. Tannpleiaren er ofte den som først møter pasienten, og som undersøker tenner og munnhole, utøver klinisk tannpleie, og underviser og gir rettleiing til enkeltpasientar og grupper.
Tannhelsa i den norske befolkninga har betra seg gjennom åra. Tannhelsetenesta spelar ei viktig rolle i dette viktige folkehelsearbeidet, gjennom sitt arbeid med barn, vaksne og eldre.
I tillegg til odontologiske og naturvitskapelege fag består studiet av samfunnsfag og pedagogikk/psykologi. Det er ein fordel å ha noko realfag frå før, til dømes matematikk.
Som del av studiet skal du øve på modellar men også ha pasientbehandling.