Om studiet
Havet spelar ei stadig viktigare rolle for samfunnet – som kjelde til mat, medisin, energi og andre ressursar, og som ein avgjerande faktor i klimautviklinga. Det er viktig for Noreg og verda å kartleggje havet og overvake det marine miljøet og økosystemet. Overvaking og observasjon i havet er òg viktig for den nasjonale sikkerheita. Havet er langt frå ferdig utforska, og det trengs ny kunnskap for å forvalte ressursane der på ein smart og berekraftig måte.
Som sivilingeniør i Havteknologi kan du bidra til utviklinga av framtidas teknologiske løysingar innan fiskeri, havbruk, havforsking, miljøovervaking, forsvar, energi og industri. Du får kompetanse som er etterspurd i både næringsliv, offentleg sektor og forsking.
Studiet kombinerer realfag og teknologiske fag. Du får tileigne deg eit solid grunnlag i matematikk, fysikk, programmering, innovasjon og vitskaplege metodar. Basert på dette går vi djupare i teknologiske fag som måleteknologi, akustikk (lyd, ultralyd) og optikk (lys).
Du lærer blant anna om:
- Teknologi for krevjande oppgåver i marine miljø,
- korleis sensorar og instrument kan samle inn data frå havet,
- korleis måleteknologi brukast i marine operasjonar og industri,
- korleis teknologi kan vidareutviklast, og ny teknologi skapast, gjennom innovasjon og nytenking basert på kunnskap.
Studiet passar for deg som likar både teoretiske og praktiske utfordringar. Gjennom laboratoriearbeid, utplassering i ei bedrift og masterprosjektet, får du erfaring med korleis teoretisk kunnskap og ferdigheiter blir brukte i praktiske situasjonar.