Om studiet
Idareutvikling av havteknologi har grunnleggande betydning for blant anna:
- overvaking av tilstanden til havet (miljøovervaking)
- kartlegge havrommet og havbotn
- utvinne ressursar frå havet og havbotn på ein bærekraftig måte
Den faglege profilen baserer seg på anvendt fysikk og teknologi, det vil seie at vi brukar vitskap til å løyse praktiske problem. Sentrale tema på studiet er fysikk, matematikk, statistikk, dataprogrammering, måleteknologi og instrumentering, robotikk, marinteknikk og marine konstruksjonar. Studiet gjer deg også kunnskap i teknologileiing, økonomi og nyskaping.
Studieprogrammet i havteknologi er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og Forsvarets høgskole - Sjøkrigsskolen. Næringsliv og forskingsinstitusjonar i nærområdet bidrar med lærarar, praksisplassar og masterprosjekt til studentane.