Om studiet
Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi er eit integrert 5-årig masterprogram. Det gir deg ei sterkare spesialisering i økonomiske fag med meir vekt på metode (matematikk og statistikk) enn bachelor- og masterprogrammet i samfunnsøkonomi. Ved opptak til profesjonsstudiet treng du ikkje søke opptak til det 2-årige masterprogrammet etter du har gått 3-årig bachelor.
På profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi lærer du
- korleis vi kan analysere økonomiske prosessar i samfunnet
- korleis ein gjer sjølvstendige samfunnsøkonomiske analysar, blant anna gjennom sjølv å utforme og gjennomføre både ei bachelor- og masteroppgåve
- korleis jobbe analytisk og få brei kompetanse i mikroøkonomi, makroøkonomi og økonometri
Tar du ein mastergrad i samfunnsøkonomi, får du ei utdanning som gir deg god løn og stor valfridom i arbeidslivet. Du får ei utdanning som kjem til nytte enten du tenkjer å jobbe i næringslivet, i offentleg forvaltning eller innan forsking og undervising. Samfunnsøkonomi er eit trygt val for ei usikker framtid.