Program for Åpen Dag
- Informasjon om Fagskulen Vestland
- Treffe lærarar som fortel om undervisninga
- Treffe studentar som fortel om sin studiekvardag
- Oppleve våre fantastiske simulatorar og læringslabbar
Om studiet
I store delar av industrien, både landbasert og offshore, er behovet for fagskuleingeniørar med prosessfagleg kompetanse stort. Alt frå dagleg drift og vedlikehald av prosessanlegg til utvikling og forsking på dette fagområde inngår i kvardagen til ein prosessteknikar. Dei viktigaste arbeidsområda er i første rekkje prosessindustri, kjemi- og næringsmiddelindustri på land og i offshore. Utdanninga kvalifiserer til stillingar i privat og offentleg sektor.
Arbeidsmoglegheiter
Fagskuleingeniørar med fordjuping i prosessforsyning er kvalifiserte for stillingar som førstelinjeleiar, arbeidsleiar, driftsassistent, skiftleiar, teknisk assistent, vedlikehaldsleiar og inspektør.