Om studiet
Politikk og forvaltning er eit statsvitskapeleg studium av politikk og organisasjon. Vil du lære meir om korleis samfunnet og dei politiske institusjonane rundt deg fungerer? Ein bachelorgrad i politikk og forvaltning er eit spanande og lærerikt studium som gir deg mange valmoglegheiter vidare, både med tanke på utdanning og arbeidsliv.
Er du interessert i politikk og likar å diskutere tema som demokrati og samfunnsstyring, organisasjonar, offentleg forvalting og politikk, er dette studiet for deg. Her lærer du å forstå og analysere aktuelle samfunnsproblem og utfordringar, på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå:
- Korleis blir innhaldet i politikken til?
- Kva prosessar ligg bak ei politisk avgjerd?
- Korleis løyse uregjerlege problem knytt til klima, fattigdom, eller kriser?
- Korleis fungerer ulike organisasjonar?
- Korleis fungerer byråkratiet på ulike nivå?
I studiet lærer du å forstå prosessar og samhandlingar i og mellom organisasjonar. Du får dessutan djuptgåande kunnskap om politikk og forvaltningssystem, og blir dermed attraktiv arbeidskraft både i offentleg og privat sektor.