Program på open dag:
- Ein student vil fortelje om korleis det er å studere pedagogikk og kvifor dei anbefaler andre å velje dette studiet.
- Ein smakebit av kva du lærar på studiet: Miniforelesning om eit tema innan pedagogikk.
- Få informasjon om mentorordninga og korleis nye studentar blir fagleg og sosialt integrert i studiet og studiemiljøet.
- Omvisning på Det psykologiske fakultet.
Om studiet
På bachelor i pedagogikk får du ei brei innsikt i lærings- og kunnskapsprosessar, både i skulen, organisasjonar og på arbeidsplassen, frå individnivå til gruppe- og samfunnsnivå.
Viktige spørsmål innan pedagogikk er:
- Kva betydning har utdanning i og for samfunnet?
- Kva er sentrale tema innanfor pedagogikk og korleis har desse utvikla seg over tid?
- Korleis kan ein halde seg oppdatert på utviklinga innanfor pedagogikk og kvifor er detta viktig?