Økonomi og administrasjon
NHH

Kva har ein bærekraftseventyrar, ein korrupsjonsjeger og ein forretningsutviklar i mediebransjen til felles? Det får du vite på Åpen dag på NHH. Då får du også vite kvifor økonomistudiar er eit godt utgangspunkt for å jobbe med nesten kva du vil. Bur du utanfor Hordaland, kan du søke om reisestipend.


Program

Vi utdannar framtidas økonomar: Kva går studiet ut på – og passar det for deg? 
Linda Nøstbakken (prorektor for utdanning)

Kva betyr tillit for samfunnsutviklinga?
Tina Søreide (korrupsjonsjeger)

Berekraftig business – korleis drive berekraftig og lønsamt på same tid? 
Lars Jacob Tynes Pedersen (bærekraftseventyrar)

Frå elev til student: Livet som NHH-student og kva eg gjerne skulle visst som vgs-elev  
Inger-Andrea Østby og Morten Løvaas (framtidas økonomar og NHH-studentar)

Spennande jobbmoglegheiter etter studia 
Margit Abel Grape, trainee i Schibsted (tidlegare NHH-student)

Treff studentar og finn ut kva studentgrupper du kan engasjere deg i under studia!

Du får gratis lunsj.

Bur du utanfor tidlegare Hordaland fylke?

Då kan du søkje om reisestipend frå NHH. Les meir og søk reisestipend på nhh.no.

Slik kjem du deg NHH

NHH held til i flotte omgjevnader med fin natur og god utsikt over fjorden, rett ved motorvegen i ytre Sandviken om lag fem km nord for Bergen sentrum. Busstoppet heiter ‘Handelshøyskolen’ på E39. Frå Festplassen i sentrum kan du ta buss nummer 3, 4, 5, 6 og 8.

Les meir om bachelorstudiet ved NHH


Se mer informasjon

Passer for:
NHH passar for deg som vil noko meir; for deg som vil gjere ein positiv forskjell i samfunnet!

Sted: NHH, Helleveien 30


Fagretninger:
Bærekraft, innovasjon og grønn teknologi Medier, kommunikasjon og markedsføring Jus, HR og økonomi

Påmelding er stengt

Opptakskrav

Du må ha:

  • generell studiekompetanse
  • bestått matematikk R1 eller S1 og S2

Poenggrensa for å komme inn på NHH var i 2019: 52,7 for førstegongsvitnemål og 56,4 for ordinær kvote. 


NHH

Som NHH-student får du: 

- Utdanning av høg kvalitet - du lærer av dei beste fagfolka, saman med dei beste studentane
- Plass på ein av dei beste handelshøgskulane i Europa
- Spennande internasjonale moglegheiter
- Svært gode jobb- og karrieremoglegheiter
- Eit aktivt og engasjert studentmiljø

Les mer om oss på våre websider