Om studiet
Synes du norsk, svensk, dansk og islandsk litteratur er spennande? Kunne du tenke deg å forstå den bedre?
Studiet i nordisk opnar for spennande diskusjonar om litteratur, språk, tenking og samfunnsspørsmål. Du lærer om korleis dei nordiske språka har endra seg over tid, om moderne norsk og om ulike språklege fenomen. Du får kunnskap om samanhengen mellom språk og samfunn og ei betre forståing av den rolla språk har i kommunikasjon og tenking. Du får òg lære om korleis måten vi skriv og tenker på har endra seg frå mellomalderen til i dag.
På litteratursida får du kunnskap om dei beste litterære verka som er skrivne på norsk. Du får òg lese litteratur frå andre nordiske land. Du får kunnskap om litteraturhistorie, litteraturteori og dei litterære sjangrane. Du får ei betre forståing for korleis litteraturen heng saman med samfunnet, der faktorar som mellom anna kjønn og klasse speler inn. I tillegg lærer du korleis ein kan tolke og analysere litterære tekstar.
Utdanninga er relevant i arbeid der norsk språk og tekst er i sentrum. Dette kan for eksempel være i forlag, journalistikk, i administrasjonen, med kulturformidling, i bibliotek eller i kommunikasjonsbransjen.