Dei sentrale spørsmåla vi jobbar med er:
- korleis ein kan førebygge sjukdom og skade?
- kva gir god helse?
- korleis kan sjukdomar behandlast?
Studiet har ei sterk integrering mellom teori og pasientnær klinisk undervisning. Vi diskuterer profesjonalitet og identitet som lege gjennom heile studiet, og vi legg vekt på undervisnings- og vurderingsformer der du har ei aktiv rolle. Vi tilbyr ei forskarlinje for deg som er interessert i medisinsk forsking og som kan tenke seg å forske parallelt med studiane.
Samfunnet treng at mange ulike mennesketypar blir lege. Legar er ei stor yrkesgruppe i Noreg og bør derfor vere like mangfaldig som menneska du skal behandle.