Med lektorutdanning i sosiologi vil du kunne hjelpe elevane å forstå samfunnet rundt dei i ein tid med store omskiftingar. I sosiologifaget lærer du om alle slags relasjonar mellom menneske, både på det lokale, nasjonale og globale nivå. På lektorprogrammet vil vi diskutere spørsmål som: Kva er bakgrunnen for og konsekvensane av
- aukande sosiale forskjellar
- internasjonal migrasjon
- globaliseringsprosessar
- klimakrise
- digitalisering av arbeids- og kvardagsliv
I tillegg til fagleg kompetanse får du kunnskap og erfaring om kva som skaper god læring og undervisning. Kva gir den beste læringa i dei faga du skal undervise i og for den aldersgruppa det gjeld? Dette får du svar på i faga pedagogikk og didaktikk og - ikkje minst - gjennom alle praksisperiodane.