På lektorprogrammet diskuterer vi spørsmål som:
- Kva vil det seie å skrive godt?
- Korleis nyttar ein språk i ulike situasjonar?
- Korleis kan litterære tekstar spegle den verda vi lever i?
Nordiskstudiet femner om litteratur og språk frå både eldre og yngre tid. Til fagområdet høyrer òg nordisk fagdidaktikk og norsk som andrespråk.
Du lærer om korleis dei nordiske språka har utvikla seg, om moderne norsk språk, og teori om ulike språklege fenomen. Vi ser òg på samanhengen mellom språk og samfunn. I andrespråksopplæringa ser vi for eksempel på korleis innvandrarar med ulike morsmål lærer seg norsk.
Litteraturundervisninga gir djupare innsikt i norsk og nordisk tekstkultur. Vi studerer norsk litteratur før og etter 1900, frå sagalitteraturen og Edda-diktinga til sakprosa og nyare fiksjonslitteratur. Du møter sentrale forfattarskap og ulike sjangrar, og får grunnlag for eige arbeid med skjønnlitteraturen.
Gjennom studiet får du undervisningskompetanse i to fag:
- Du skriv masteroppgåve i nordisk.
- Det andre undervisningsfaget kan vere enten engelsk, fransk, tysk, spansk, historie, religionsvitskap eller sosiologi.
Du får eit solid grunnlag i begge undervisningsfaga, som er sentrale skulefag, og lærer kritisk refleksjon rundt fag, undervisning og læring.
I tillegg inneheld studiet 30 sp pedagogikk (korleis vi lærer bort og oppdrar), 30 sp fagdidaktikk (djupare refleksjon kring faget og korleis vi underviser fag) og 100 dagar praksis i ungdom- og vidaregåande skole.
Du kan reise på utveksling i fjerde eller sjette semester.