Som lektor kan du undervise på ungdomstrinnet og i den vidaregåande skolen.
Historie er faget om fortida til menneska om samhandling og konflikt i ulike samfunn frå antikken til i dag, lokalt, nasjonalt og globalt. Faget handlar om kulturell, sosial, politisk og økonomisk utvikling over tid, og om kva klasse, nasjonalitet og etnisitet, alder og kjønn har å seie for samfunnsutviklinga.
Religionsvitskap er studiet av religion i alle deler av verda, til alle tider. Den amerikanske presidenten ber Gud om å velsigne USA. Kvifor? Dei gamle egyptarane mumifiserte sine døde. Kvifor? Vert menneska mindre religiøse, eller meir? Religiøse førestellingar og praksisar har prega, og pregar fortsatt, menneska både som individ, så vel som samfunn. Religionsvitskap er faget der du lærer om dette.
Gjennom studium og praksis får du undervisningskompetanse i to fag:
- Det eine undervisningsfaget tar du master i, enten historie eller religionsvitskap. Begge faga er sentrale skulefag og undervisning i desse faga gir elevane oversikt og innsikt i menneska sine liv frå tidlege tider og fram til i dag.
- Det andre undervisningsfaget kan vere enten engelsk, fransk, tysk, spansk, historie, religionsvitskap eller sosiologi.
Du får eit solid grunnlag i begge undervisningsfaga og lærer kritisk refleksjon rundt fag, undervisning og læring.
I tillegg inneheld studiet 30 sp pedagogikk (korleis vi lærer bort og oppdrar), 30 sp fagdidaktikk (djupare refleksjon kring faget og korleis vi underviser fag) og 100 dagar praksis i ungdom- og vidaregåande skole.
Du kan reise på utveksling i fjerde eller sjette semester.