I studiet av det eine eller båe av dei klassiske språka får du inngåande kunnskap om varierte tekstar frå ein svært lang tidsperiode. Du lærer grundig tekstanalyse og får god kjennskap til korleis språket fungerer.
Den klassiske faggruppa ved UiB tilbyr eit studiemiljø der dei fleste vil kunna finna rom for sine interesser dersom dei tek utgangspunkt i tekstar skrivne på gresk eller latin. Gjennom mellomalderstudia har særskilt latin nære band til andre fag ved universitetet.