Latin og gresk
Universitetet i Bergen

Latin og gresk høver for den som er oppteken av litteratur og kultur frå antikken fram til moderne tid. På Åpen da vil du få kjennskap til korleis språkene gresk og latin fungerer.


I studiet av desse klassiske språka får du inngåande kunnskap om varierte tekstar frå ein svært lang tidsperiode. Du lærer grundig tekstanalyse og får god kjennskap til korleis språket fungerer.

Program

  • Møt studentar og tidlegare studentar som snakkar om studiekvardagen ved Det humanistiske fakultet. Her vil du få høyre om overgangen fra skule til universitet, studentmiljø, utveksling og jobbmoglegheiter. Du vil få høve til å stille spørsmål til studentane og til studierettleiararne.
  • Omvising på campus
  • På Åpen da vil du få kjennskap til korleis språkene gresk og latin fungerer og møte fagmiljøet. Korleis blei Athen til eit sentrum for filosofi, kunst og litteratur? På kva måte har arven frå den greske bystaten påverka dei moderne demokratia? Korleis kunne bystaten Roma erobre alle landa rundt Middelhavet? Kvifor blir romerske talar framleis rekna som eksempel på effektiv kommunikasjon? Og kvifor var latin så viktig i skolen heilt fram til vår tid?

Om studiet

Latin og gresk høver for den som er oppteken av litteratur og kultur frå antikken fram til moderne tid. I studiet av det eine eller båe av dei klassiske språka får du inngåande kunnskap om varierte tekstar frå ein svært lang tidsperiode. Du lærer grundig tekstanalyse og får god kjennskap til korleis språket fungerer.

Den klassiske faggruppa ved UiB tilbyr eit studiemiljø der dei fleste vil kunna finna rom for sine interesser dersom dei tek utgangspunkt i tekstar skrivne på gresk eller latin. Gjennom mellomalderstudia har særskilt latin nære band til andre fag ved universitetet.

Finn fram

For å komme til Sydneshaugen skule er det enklast å gå ca. 10 minutt frå Bergen sentrum. Frå Torgallmenningen kan du sjå rett opp på Johanneskyrkja, som ligg på ein høgde. Gå opp trappene til kyrkja. Sydneshaugen skule er det gule bygget som ligg rett bak kyrkja.


Se mer informasjon

Passer for:
Deg som har lyst til å jobbe med kommunikasjon, forlag og media, kunst og kultur, undervisning, offentlig administrasjon, ideelle organisasjoner og interesseorganisasjoner eller forskning og høyere utdanning.

Sted: Sydneshaugen skule

For å komme til Sydneshaugen skole er det enklest å gå ca. 10 minutter fra Bergen sentrum. Fra Torgallmenningen kan du se rett opp på Johanneskirken, som ligger på en høyde. Gå opp trappene til kirken. Sydneshaugen skole er det gule bygget som ligger rett bak kirken.


Fagretninger:
Språk, historie og kultur

Påmelding er stengt

Opptakskrav

Generell studiekompetanse


Omfang: 3 år

Søknadsfrist: 15. april

Les meir om studiet


Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen har over 17 500 studenter. Vi har en attraktiv beliggenhet med store deler av campus midt i hjertet av Bergen.

Les mer om oss på våre websider