Om studiet
Bachelorprogrammet i kunsthistorie passar for deg som er interessert i kunst og visuelle uttrykk, både når det gjeld form, farge og estetiske uttrykksformer. Kva tyder desse uttrykka? Dei som likar historie, eller er opptatt av design, kulturminnevern, museum og er glad i å skrive vil òg kjenne seg heime hos oss.
Gjennom studiet lærer du om visuell kultur, kunst og arkitektur i eit historisk, sosialt, retorisk og estetisk perspektiv. Vi utforskar ulike former for visuelle medium, som måleri, skulptur, fotografi, arkitektur og landskap. Tyngdepunktet er den visuelle kulturen i Europa frå antikken til i dag.
Kunsthistoriefaget stiller spørsmål som:
- Kva rolle har bilete i religion, og på kva grunnlag har ein villa forby dei?
- Er pressefotografiet ei spegling av røynda eller ein konstruksjon?
- Når blir noko kunst: er ikonet i kyrkja kunst, eller blir det kunst først når det heng i galleriet, og kva kan eit urinal seie oss når det blir kunst?