Kjønnstudier
Universitetet i Bergen

Norske transpersonar har fått behandling sidan 1953, men visste du at kjønnsskifteoperasjon berre vart gitt til menn som var feminine nok?


Kjønnsstudium passar for deg som synest kjønn, sex, seksualitet og legning er spennande og er opptatt av likestilling, mangfald, menneskerettar og politikk. Under Open dag lærer du meir om norsk transhistorie og korleis det er å vere student hos oss.

Program

  • Møt studentar og tidlegare studentar som snakkar om studiekvardagen ved Det humanistiske fakultet. Her vil du få høyre om overgangen fra skule til universitet, studentmiljø, utveksling og jobbmoglegheiter. Du vil få høve til å stille spørsmål til studentane og til studierettleiararne.
  • UiB sin eigen transhistorie-ekspert vil snakke om transpersonar i Noreg og korleis behandlinga ved Rikshospitalet vart til. Ho fortel om dei fyrste kirurgiske eksperimenta, sensasjonen Christine Jorgensen og om korleis norske legar krangla med juristar om kastrasjon og hormonbehandling skulle vere lovleg.

Om studiet

Kjønnsstudiet undersøker ei rekke tydingar av kjønn i ein global samanheng og du får utfordra oppfatningane og verdiane dine kring kjønn og seksualitet. Du lærer ulike teoretiske perspektiv som til dømes feministisk teori, skeiv teori, kritisk raseteori og globalisering.


Se mer informasjon

Passer for:
Deg som er interessert i problemstillingar rundt kjønn, identitet, seksualitet, og opptatt av likestilling, menneskerettar og politikk.

Sted: Sydneshaugen skule

For å komme til Sydneshaugen skule er det enklast å gå ca. 10 minutt frå Bergen sentrum. Frå Torgallmenningen kan du sjå rett opp på Johanneskyrkja, som ligg på ein høgde. Gå opp trappene til kyrkja. Sydneshaugen skule er det gule bygget som ligg rett bak kyrkja.


Fagretninger:
Språk, historie og kultur

Påmelding er stengt

Opptakskrav

Generell studiekompetanse


  • Omfang: 3 år
  • Søknadsfrist: 15. april

Gå til studieprogramsiden


Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen har over 17 500 studenter. Vi har en attraktiv beliggenhet med store deler av campus midt i hjertet av Bergen.

Les mer om oss på våre websider