Då er det integrerte masterprogrammet i informasjonsteknologi og økonomi, ITØK, midt i blinken for deg.
Studiet gir deg brei kompetanse innan informasjonsteknologi og økonomi. Du kan spesialisere deg innan ei rekke område, som kunstig intelligens, maskinlæring, fintech, bedriftsøkonomi, web science og datatryggleik. Som ein del av studiet vil du få praksis gjennom utplassering i næringslivet.
Studiet gir deg unik kompetanse for å analysere komplekse problemstillingar i skjæringsfeltet mellom teknologi og økonomi.