Om studiet
Automatisering og robotteknologi får ein større og større plass i industrien. Hos oss får du kompetansen du treng for å bidra aktivt i denne utviklinga. Du lærer å hjelpe bedrifter til å arbeide meir effektivt, miljøvenleg og lønsamt.
Arbeidsmoglegheiter
Næringslivet har behov for folk med kompetanse på høgare nivå enn fagarbeidar. Derfor er fagarbeidarar med høgare yrkesfagleg utdanning svært ettertrakta i marknaden.
Som fagskuleingeniør innan automatisering er du kvalifisert for mange ulike stillingar og arbeidsområde, til dømes:
- Automatiseringsleiar innan planlegging, service og sal i olje- og prosessindustri
- Elektromekanisk og elektrisk industri
- Byggautomatisering
- Faglærar i vidaregåande opplæring
Kva skjer på Åpen dag?
Her får du høyre om korleis det er å studere automatisering og robotteknologi. Du kan snakke med lærarar og studentar, og få informasjon om søknad, opptak og moglegheitene du har etter endt utdanning.