Å studere geografi er å utforske samanhengen mellom samfunn, natur og miljø.
På Open dag får du møte tilsette, studentar og geografar i jobb, som fortellom geografistudiet.
Program
· Geografistudiet og studieløpet
· Alt skjer ein stad - GIS og geodata i geografistudiet
· Livet som geografistudent - fagleg og sosialt
· Jobbe som geograf
Om studiet
Utdanninga er tverrfagleg. Vi ser på samfunnsutfordringar både frå samfunns- og naturperspektiv, frå lokal til global skala.
På bachelorstudiet lærer du korleis prosessar formar naturlandskapet og har innverknad på folk og samfunn, og korleis areal- og ressursbruken har innverknad på natur, miljø og klima.
På geografiutdanninga tar vi opp mange dagsaktuelle tema:
- Korleis kan klimaendringar, energiomstilling og matproduksjon taklast på lokalt plan?
- Korleis kan planlegging og politikk møte utfordringar knytt til befolkningsvekst og -nedgang, migrasjon og mobilitet, ulikskap og urbanisering?
- Korleis kan vi bidra til kunnskapsutvikling som fremmer berekraft, sosial rettferd og velferd i framtida
Mange samfunnsutfordringar treng ei tverrfagleg tilnærming og som geograf ser du på desse både med samfunns- og naturperspektiv. Denne kompetansen er grunnleggande for å kunne finne gode løysingar og førebyggande tiltak fram mot ei berekraftig utvikling.
Geografar er attraktive i arbeidslivet fordi dei er prosjektorienterte og har ein tverrfagleg bakgrunn, som gir mange jobbmoglegheiter i offentleg forvaltning og næringsliv. Gjennom feltkursa er geografistudentane vane med å jobbe i grupper og presentere resultata munnleg og skriftleg.
På bachelorgraden i geografi er det gode moglegheiter for å dra på utveksling til utlandet eitt eller to semester.
Etter du har fullført bachelorgraden, kan du bygge på med ein to-åring mastergrad i geografi.