Besøk Institutt for geovitskap for å få eit innblikk i korleis det er å vere student hjå oss og informasjon om kva ein geoviter kan jobbe med!
Hjå Institutt for geovitskap har vi to bachelorprogram: Bachelor i geovitskap (ein kan velje mellom retning geologi eller retning geofysikk) og Bachelor i geofag og informatikk.
Program:
- Kva er geovitskap og kvifor er det viktig?
- Våre studieprogram
- Fagleg smakebit frå våre forskarar
- Livet som GEO-student
- Kva kan ein jobbe med?
Velkommen!
Om studiet
Bachelorstudiet i geofag og informatikk er eit framtidsretta studium som gir deg kompetanse som er ettertrakta i arbeidslivet.
Du lærer om korleis jorda er bygt opp og korleis ho har utvikla seg over tid. I tillegg vil du lære om korleis du samlar inn, analyserer og bruker geodata, og om korleis du bruker informatikk til å løyse geofaglege problem.