Om studiet
Bachelor i generell psykologi gjer deg ein bakgrunn for å forstå omgrep som: kjenslemessige reaksjonar (affekt), intellektuelle prosessar (kognisjon), læring, erfaring og menneskeleg åtferd og samhandling. I studiet vil du bli kjent med dei grunnleggande hovudretningane i psykologien, som:
- sosialpsykologi
- utviklingspsykologi
- personlegdomspsykologi
- kognitiv psykologi
- biologisk psykologi
Du vil lære deg å drøfte etiske problem og dilemma, og utvikle ein kritisk tilnærming til gjeldande kunnskap og praksis innanfor psykologien.
Du vil også lære:
- å forstå korleis eit psykologisk fenomen kan studerast og forklarast på fleire måtar og vurdere ulike teoretiske forklaringar opp mot kvarandre.
- å vurdere ulike forskingsmetodar for innsamling og analyse av eit datamateriale.
- korleis kognitive og sosiale faktorar påverkar avgjerdsprosessane våre