Om studiet
Fiskehelsebiolog er sidestilt med tittelen veterinær og kandidatar som har fått tildelt tittelen har same rettar som veterinærar når det gjeld å behandle sjukdom i havbruksnæringa.
På studiet fiskehelse – akvamedisin lærer du om alt som har med helse og sjukdom hos organismar som lever under vatn:
- Du får grundig innsikt i infeksjonssjukdommar forårsaka av virus, bakteriar, sopp og parasittar
- Du får ei innføring i ernærings- og miljøforhold som er viktige for fiskehelse
- Du lærer om korleis sjukdom påverkar fisken: førebygging, diagnose og behandling
- Du får kunnskap om organisering og lovverk knytt til oppdrett og sjukdom
- Du får innsikt i havbruk og sjukdom i eit globalt miljø- og helseperspektiv.
Studiet skjerpar dei etiske refleksjonane dine og medvitet ditt når det gjeld dyrehald og dyreforsøk. Bergen og Vestlandet har sterke marine forskings- og innovasjonsmiljø og dette speglar seg i undervisninga vår. Institutt for biologi er ein del av Senter for framifrå utdanning i biologi, bioCEED.
Som fiskehelsebiolog kan du jobbe:
- som autorisert fiskehelsebiolog i fiskehelsetjenesten og havbruksnæringen
- i farmasøytisk industri
- innen diagnostikk
- i Mattilsynet med tilsyn og forvaltning av havbruksnæringen
- innenfor utdanning og forsking
Som fiskehelsebiolog vil du gjennom forståing av biologien til akvakultur organismar, mikro- og makroparasitter (virus, bakteriar og parasittar), og korleis immunsystemet til fisken fungerer, ha kunnskap som er særs viktig for å ha ei berekraftig oppdrettsnæring i framtida. Det har lenge vore stor etterspørsel etter fiskehelsebiologar, og alle dei tidlegare studentane våre har fått jobb rett etter avslutta studium.