Farmasi
Universitetet i Bergen

Det er stadig eit aukande behov for farmasøytar i samfunnet. På Åpen dag får du ein smakebit av korleis det er å vere farmasistudent.


På farmasistudiet lærer du korleis ulike legemiddel blir laga og korleis dei verkar inn på kroppen vår.

Program

  • Studiekvardag – studentane fortel 
  • Kva jobbmogligheiter har du som farmasøyt? 
  • Praktisk demonstrasjon  
  • Kahoot  

Om studiet

Farmasi er eit tverrfagleg studieprogram med fokus på blant anna samfunnsfarmasi, kjemi, biokjemi, farmakologi (korleis legemidel verkar i kroppen), legemiddelkjemi, farmakognosi (legemiddel frå planter), klinisk farmasi og galenisk farmasi (om framstilling av legemiddel).

På farmasistudiet lærer du korleis ulike legemiddel blir laga og korleis dei verkar inn på kroppen vår. Du lærer også korleis du kan bruke legemiddel på ein best mogleg måte for å førebyggje, lindre eller lege sjukdom og skadar. Som farmasistudent ved UiB kan du vente deg ein studiekvardag som er full av varierte undervisningsformar, mellom anna spennande laboratoriearbeid, seminar, førelesningar og praksis i apotek og sjukehus. 

 


Se mer informasjon

Passer for:
Farmasistudiet passer for deg som er interessert i å studere realfag, samtidig som du er opptatt av helse. Å like å snakke med menneske er også ein fordel. Dersom du synes det verka spennande å studere og arbeide tverrfaglig, er farmasi midt i blinken for deg.

Sted: Rom B306/Sentralblokka Haukeland sjukehus Oppmøte: Bygg for biologiske basalfag, Vrimleområdet

Du kan ta buss nr. 2, 3 eller 80 til Haukeland Universitetssjukehus Sør. Herifrå følg du vegen opp til Sentralblokka og inn i resepsjonen. Ta rulletrappa til 3. etasje og gå til venstre, fyrste gang til høgre vil det stå Bygg for biologiske basalfag over døra, følg denne gangen og gå over glasbrua/gangbrua. Oppmøteplass er Vrimleområdet i Bygg for biologiske basalfag, dette finn du i enden av glasbrua/gangbrua.   


Fagretninger:
Helse, medisin og psykologi Natur- og realfag

Påmelding er stengt

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og MEROD: Matematikk R1 (eller S1 og S2) og Fysikk 1og Kjemi 1 og 2


  • Omfang: 5 år
  • Søknadsfrist: 15. april

Gå til studieprogramsiden


Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen har over 17 500 studenter. Vi har en attraktiv beliggenhet med store deler av campus midt i hjertet av Bergen.

Les mer om oss på våre websider