I løpet av studiet lærer du også korleis du kan bruke legemiddel på ein best mogleg måte for å førebygge, lindre eller lege sjukdommar og skadar. Farmasi er eit vidt fagområde som inkluderer kjemiske, biologiske og spesialiserte farmasøytiske emne som samfunnsfarmasi og farmasøytisk teknologi.
Legemiddel er det mest brukte verkemiddel i helsevesenet i dag, og den nest største kostnaden etter arbeidskraft. Med andre ord er det store ressursar som kvart år blir brukt på dette fagfeltet. Riktig legemiddelbruk fører til betre folkehelse, mens feil legemiddelbruk kvart år fører til personskadar og ekstrautgifter for samfunnet. Som farmasøyt er du kvar dag med på å førebygge dette.
Farmasi som fagområde er opptatt av å løyse spørsmål som:
- Korleis kan vi finne nye aktive stoffar, utvikle nye legemiddel og dermed hjelpe enda fleire pasientar med å bli friske eller leve et betre liv?
- Korleis kan vi best mogleg utnytte dei økonomiske ressursane vi har tilgjengeleg til legemiddel?
- Korleis kan vi sørge for at alle land har tilgang til trygge og effektive legemiddel til ein overkommeleg pris?
På studiet går vi gjennom korleis du kan identifisere og utvikle legemiddelstoff, og korleis framstille legemiddel. Du lærer korleis du kan hjelpe personar til å bruke legemidlar på en riktig måte, og å kommunisere godt med kundar, pasientar og helsepersonell.
Som farmasistudent ved UiB kan du vente deg ein studiekvardag som er full av varierte undervisingsformar, mellom anna spennande laboratoriearbeid, seminar, førelesningar og praksis i apotek og sjukehus.