På Åpen dag får du:
- Mulighet til å snakke med faglærere og studenter om studieliv.
- Høre om jobbmuligheter.
- Omvisning på laboratoriene.
Om studiet
Elektroteknologi gjennomsyrer heile samfunnet. Det er nesten ingen eksempel på moderne teknologi som ikkje er avhengig av elektroteknologi. Alt frå datamaskiner og mobiltelefonar, til lys og oppvarming. Elektroingeniøren er den som skal tilpassa og vidareutvikla denne teknologien. Lenge før ein dataingeniør kan begynna utviklinga av ein app, eller før ein influenser kan legga ut eit innlegg på Tiktok har det vore mange elektroingeniørar involvert i utviklinga av teknologien som ligg bak.
På elektroingeniørutdanninga ved HVL Bergen kan du ta spesialisering i energiproduksjon og distribusjon (elkraft), styring og automatisering, elektronikk, eller nettverk og kommunikasjonsteknologi. På vårt arrangement legg me opp til ulike praktiske demonstrasjonar av elektroteknologi, samt ein gjennomgang av kva ein elektroingeniør skal læra og kva arbeidsoppgåver ein typisk kan ha når ein er ferdig med utdanninga.
Følg oss på TikTok eller Instagram (@hvl.no) for innblikk i studiehverdagen!