Program for Open Dag
Byggutdanning har fellesarrangement med KEM – klima, energi og miljø
- Informasjon om Fagskulen Vestland
- Omvisning på KEM-laben
- Lær meir og teknisk teikning og modellering
- Treffe lærarar som fortel om undervisninga
Om studiet
Studiet har eit omfang på 120 studiepoeng og kan gjennomførast som eit 2-årig heiltidsstudium eller eit 3-årig deltidsstudium. Utviklinga innan bygg skjer i høgt tempo, og næringslivet har behov for nye fagskuleingeniørar som kan berekne, planleggje og koordinere.
Dei viktigaste arbeidsområda for ein fagskuleingeniør er hovudsakleg innan entreprenørverksemd, kommunalteknikk og eigne verksemder.
Fullført studium kan òg inngå i ei bachelorgrad ved enkelte høgskular.
Arbeidsmoglegheiter
Etter fullført studium er ein kvalifisert for stillingar som byggeleiar, konstruktør, oppsynsmann og kontrollør, kommuneteknikar og faglærar.