Program for Åpen dag
- Vi går i gjennom ein presentasjon på boresimulatoren der vi viser aktuelle arbeidsoperasjonar som vi kan simulere på forskjellige riggtypar
- Informasjon om Fagskulen Vestland
- Treffe lærarar som fortel om undervisninga
- Treffe studentar som fortel om sin studiekvardag
Om studiet
Denne utdanninga er ei spesialisering i fasane i boreoperasjonen i samband med olje- og gassbrønnar og tilfredsstiller krava til teoretisk opplæring for borar og boresjef.
Som boreteknikar vil du også vere godt eigna til andre stillingar knytt til borevæsker, borevæskesystem, trykkontrollsystem og boreutstyr. Sentrale arbeidsoppgåver er bruk av boreutstyr, brønnlogging, trykkontroll, sementering og boreslam.