Materiell kultur kan være
- reiskap og andre gjenstandar
- anlegg og strukturar som gravar, bustader og fangstanlegg
- religiøse anlegg og andre monument
- organisk materiale og anna avfall
- landskapet spora inngår i
I tillegg ser vi på skriftlege kjelder, stadnamn og naturvitskaplege data. Arkeologane studerer alt dette materialet og finn ut korleis folk har tenkt, levd og organisert seg til ulike tider og på ulike stadar.
Arkeologi er viktig for å gi meining til historiske stader og gjenstandar som kan seie oss noko om kor og korleis menneske har levd før oss. Arkeologi er og viktig i mange notidige saker, til dømes i byggjesaker, byutvikling, historieskriving og klimaspørsmål. Det er behov for arkeologar, særskilt feltarkeologar, noko som gjer det sannsynleg å få relevant jobb.
Som bachelorstudent lærer du korleis arkeologar arbeider. Du får kunnskap om ulike arkeologiske periodar, teoriar og metodar slik at du kan kartlegge, sortere, stad- og tidfeste gjenstandar og anna materiale. Du skriv òg ei oppgåve der du fordjupar deg i eit tema eller ein avgrensa periode.
Studiet kombinerer teori og praksis, obligatoriske aktivitetar og sjølvstudium, og passar dermed for deg som likar ei blanding av gruppedeltaking og eige arbeid.