Program
- Studentlivet sett frå innsida: Ein student vil fortelje korleis det er å studere her, og kvifor dei anbefalar bachelor i arbeids- og organisasjonspsykologi.
- Fagleg smakebit: Ein kort og spennande forelesning om eit tema du møter i studiet
- Omvisning: Bli med på ein runde i lokala og få inntrykk av miljøet på Det psykologiske fakultet
Om studiet
På bachelorstudiet i arbeids- og organisasjonspsykologi lærer du om korleis eit godt arbeidsmiljø påverkar trivsel, helse og produktivitet på ein arbeidsplass. På studiet spør vi:
- Kva er avgjerande for eit godt arbeidsmiljø?
- Korleis handlar og reagerer enkeltindividet på ulike sider i arbeidslivet?
Det finst verkemiddel ein kan nytte for å utvikle både enkeltmenneske, grupper og organisasjonar. Og det finst ting ein kan gjere for å førebygge og handtere problem som oppstår på arbeidsplassen. Det lærer du meir om på bachelorstudiet.
Arbeids- og organisasjonspsykologi spesialiserer seg på arbeidslivet, som faktisk er den arenaen vi bruker mest tid på i løpet av livet.