Om studiet
Moderne standardarabisk (MSA) er eit skriftspråk som må lærast, også av dei som har arabisk (dialekt) som morsmål.
Variantar av arabisk blir snakka av meir enn 350 millionar menneske i Midtausten og Nord-Afrika og om lag like mange har arabisk som andrespråk.I mellomalderen var arabisk berar av ein av dei rikaste vitskaplege og litterære kulturane i verda, og er framleis eit særs viktig språk både i religiøs og kulturell samanheng, òg når det gjeld politikk og økonomi. Arabisk er dessutan eitt av dei seks offisielle språka i FN, og i Noreg utgjer arabisktalande ein av dei største språklege minoritetane. I bachelorprogrammet får studenten eit intensivt språkkurs i moderne standardarabisk.
Saman med ei innføring i arabisk språkkunnskap (litteraturhistorie, språkhistorie, sosiolingvistikk, dialektlære) vil dette gi studenten ein unik evne til å bruke og halde seg kritisk til arabisk språk og eigen språklæring, noko som gjer at studenten sjølv kan vidareutvikle språkkunnskap og ferdigheiter på eigenhand etter avslutta studium. I tillegg får alle studere nærmare Midtaustens historie. Det er viktig før studentane skal ut å reise på eit studieopphald til eit land i Midtausten